Gjør boligjakten enklere med vår boligvarsling. Legg inn dine ønsker – vi sier fra så snart en eiendom som matcher dine kriterier legges ut for salg. Raskt, enkelt og helt gratis.
Denne tomten er eiet.
313,00 kvm.
Velkomen til Andersbakken 11 og vakre Hakallestranda!
Her finn du denne fantastiske og byggeklare hyttetomta som ligg på det som av mange er omtalt som "Vanylvens beste vestkant". Staden der ein store delar av året kan sjå sola gå i havet, oppleve det ville og vakre stadhavet på styggeveirsdagar, nyte lange late dagar på Sandviksanden, ta seg ein tur i den fantastiske sherpatrappa Hakalletrappa eller ta seg ein fjelltur på ein av dei mange flotte og merka turstiane i området.
Tomta i seg sjølv er ferdig planert og klar for at du kan setje di draumehytte på den, her er ingen bindingar til kva hytteleverandør ein vil ha, her står ein heilt fritt.
Ta steget i dag og realiser hyttedraumen!
Eigedomen ligg fantastisk til nesten heilt i fjøresteinane på ville og vakre Hakallestranda.
Her kan ein nyte sol til siste stråle når ho går i havet store delar av året.
Kort veg til besøksgarden Hakallegarde. Kort veg til den kritkvite badestranda Sandviksande og dei mange merka turløypene i området. Her kan ein spessielt nemne Sherpatrappa Hakalletrappa som i seinare år har blitt eit ynda turmål.
Berre vel ein times køyring frå eigedomen finn ein kjende mål som fugleøya Runde, Surfeparadiset Hoddevika.
Eigedomen har tilkomst via privat felles veg i feltet, kjøpar må pårekne å ta del i kostnadar for vedlikehald av fellesveg.
På eigen grunn
Prisantydning kr 1 390 000,-
I tillegg til prisantydning og ev. fellesgjeld, påløper følgende omkostninger:
34 750,00,- (Dokumentavgift)
545,00,- (Tingl.gebyr pantedokument)
545,00,- (Tingl.gebyr skjøte)
_______________________________________________________
1 425 840,- Totalpris inkl. omkostninger og fellesgjeld
_______________________________________________________
Det ovenstående forutsetter at eiendommen selges til prisantydning og at det kun tinglyses ett pantedokument. Det tas forbehold om endringer i offentlige gebyr.
Kr. ,- for .
Det er ikkje nokon kjende faste kostnadar knytt til tomta før den er utbygd.
Meklar har rekvirert formuesverdi frå skatteetaten men ikkje motteke denne.
Generell informasjon om formuesverdi:
Formuesverdien avhenger blant annet av om boligen benyttes som primær- eller sekundærbolig. Primærbolig verdsettes normalt til en lavere andel av beregnet markedsverdi (om lag 25 %). For primærbolig kan verdsettelsen variere avhengig av boligens verdi og gjeldende regelverk. Sekundærbolig verdsettes til en høyere andel (inntil 100 %). Det er vedtatt endringer i beregningsmodellen for formuesverdi fra skatteåret 2026, og endelig formuesverdi kan bli høyere enn oppgitt.
Eiendommen er ikkje forsikra
Eigedomen er regulert til fritidsføremål. Reguleringsplan ligg vedlagt i salsoppgåve.
Den kan og sjåast på kommunen si heimeside eller på meklar sitt kontor.
Det ligg klart veg, vatn og avløp inn til tomta.
Kjøpar må pårekne å betale tilknytingsgebyr.
Eiendommen overdras fri for pengeheftelser. Kommunen har lovbestemt legalpant i eiendommen som sikkerhet for betaling av kommunale gebyr.
Dnr. 900014, tgl. 06.04.1848 - Utskifting
GJELDER DENNE REGISTERENHETEN MED FLERE
Dnr. 900031, tgl. 23.03.1875 - Utskifting
GJELDER DENNE REGISTERENHETEN MED FLERE
Dnr. 900330, tgl. 19.02.1934 - Utskifting
GJELDER DENNE REGISTERENHETEN MED FLERE
Dnr. 990095, tgl. 10.05.1952 - Elektriske kraftlinjer
L/L Søre Sunnmøre kraftlags kraftledning, reg.l0.5.52
GJELDER DENNE REGISTERENHETEN MED FLERE
Dnr. 2303, tgl. 13.07.1973 - Erklæring/avtale
Bestemmelse om vann/kloakkledning
Bestemmelse om veg
GJELDER DENNE REGISTERENHETEN MED FLERE
Dnr. 4596, tgl. 10.10.1990 - Rettigheter iflg. skjøte
Bestemmelse om vannledning
Bestemmelse om vannrett
GJELDER DENNE REGISTERENHETEN MED FLERE
Dnr. 396027, tgl. 03.04.2019 - Bestemmelse om vann/kloakk
Bestemmelse om lik del av kostnader for opparbeiding i hyttefeltet
Dnr. 396027, tgl. 03.04.2019 - Bestemmelse om veg
Bestemmelse om lik del av kostnader for opparbeiding i hyttefeltet
Dnr. 3598, tgl. 14.09.1992 - Bruksrett
Avtale om varande bruksrett til grunn for nedlegging og
drift av vassleidning m.v. for Bergsnes vassverk.
GJELDER DENNE REGISTERENHETEN MED FLERE
For servitutter eldre enn fradelingsdato og eventuelle arealoppføringer som kan ha betydning for denne matrikkelenheten vises det til avgivereiendommen. Slike dokumenter er normalt ikke innhentet i forbindelse med salget.
Erverv av ubebygd enkelttomt for bolig, fritidsbolig eller naust som er mindre enn 2 dekar, er i utgangspunktet konsesjonsfritt etter konsesjonsloven § 4 første ledd nr. 1 og 2. Konsesjonsfriheten er imidlertid betinget av at tomten blir bebygd innen fem år fra ervervstidspunktet, jf. konsesjonsloven § 4 andre ledd.
Dersom tomten ikke bebygges innen fristen, kan kommunen sette frist for kjøper til å søke konsesjon. Eventuell konsesjonsplikt og risiko knyttet til manglende oppfyllelse av byggeplikten påhviler kjøper.
Kjøper er kjent med at konsesjonsfriheten bekreftes overfor kommunen ved utfylling av egenerklæring om konsesjonsfrihet. Det er en forutsetning for handelen at kjøper signerer denne, og at erklæringen godkjennes av kommunen.
Etter avtale.
Salsoppgåva er basert på opplysningar frå seljar gitt til eigedomsmeklar og opplysningar innhenta frå kommunen og eventuelt andre tilgjengelege kjelder. Interessentar vert oppmoda om å undersøkje eigedomen grundig, gjerne saman med sakkunnig, og til å lese gjennom fullstendig salsoppgåve med vedlegg før bod vert gjeve. Det er ikkje kontrollert om tomtegrensene samsvarer med dei grensene/gjerda som fysisk er sette opp. Salsoppgåva er lesen og godkjend av seljar.
Kjøper er gjort kjent med at selger ikke har tegnet boligselgerforsikring. I henhold til avhendingsloven anses kjøper kjent med de opplysninger som framgår av et salgsdokument. Kjøper oppfordres derfor til å gjøre seg kjent med denne
Saman med Gjensidige har vi skreddarsydd eit gunstig forsikringskonsept for deg som kjøper bustad.
Kjøparar (ikkje juridiske personar) har høve til å teikne bustadkjøparpakken. Pakken inkluderer m.a. husforsikring, innbuforsikring Pluss, dobbel rentedekning, flytteforsikring og bustadkjøparforsikring som gir deg juridisk bistand dersom du ønskjer å reklamere på bustadkjøpet.
Kjøparar (ikkje juridiske personar) kan også velje å berre teikne bustadkjøparforsikring.
Bustadkjøparpakken/bustadkjøparforsikring må teiknast seinast i samband med kontraktsmøtet.
Produktark for bustadkjøparpakken og bustadkjøparforsikring ligg vedlagt i salsoppgåva. Ta kontakt med meklar for ytterlegare informasjon.
Vi oppmodar alle til å lese Forbrukarinformasjon om bodgiving før bod vert gjeve. Alle bod og bodforhøgingar skal givast skriftleg til meklar. I tillegg er meklar pålagd å innhente gyldig legitimasjon og signatur frå bodgjevar før bod kan formidlast til seljar. Det vert gjort merksam på at det ikkje er angrerett ved kjøp av eigedom, og ved aksept av bod er det inngått bindande avtale mellom seljar og kjøpar. Bodgjevarar som byr saman er sjølve ansvarlege for interne avklaringar og samtykke knytt til bodgivinga.
Kravet til legitimasjon og signatur er oppfylt for bodgjevarar som nyttar BankID, og vi oppmodar difor alle til å gje bod elektronisk ved å nytte «GI BOD»-knappen på eigedomen si heimeside. Eventuelle forhøgingar kan sendast ved å svare direkte på motteken SMS frå meklar sitt system. Alle bodforhøgingar skal stadfestast av meklar.
For at boda skal kunne verte handsama og vidareformidla skriftleg til alle involverte partar, må alle bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, jf. eigedomsmeklingslova § 6-8 (3). Seljar må også skriftleg akseptere bodet før aksept kan formidlast til bodgjevar. Akseptfrist på alle bod skal vere minimum 30 minutt, og bodforhøgingar må skje i god tid før fristen går ut. Bod som ikkje er skriftlege, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte visning, vil ikkje bli formidla til seljar.
Eigedomsmeklar har ikkje lov til å formidle hemmelege bod eller bod med atterhald som hindrar meklar i å formidle bodet til andre enn seljar, jf. eml § 6-8 (3). Slike bod vil difor ikkje bli formidla til seljar.
Eigedomsmeklar er i samsvar med eml § 6-8 (6) pålagd å gjennomføre kontroll av bodgjevarane si finansiering. Dersom det ikkje er mogleg for meklar å gjennomføre dette før aksept av bod, pliktar meklar å åtvarte seljar om risiko knytt til dette.
Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste kvart bod, og er såleis ikkje forplikta til å akseptere det høgaste bodet på eigedomen. Seljar kan ved vurdering av bod også leggje vekt på andre vilkår og kjøparen sin status som forbrukar eller næringsdrivande, dersom dette har betydning for handelen. Etter at eigedomen er seld vil kjøpar og seljar få tilsendt bodjournal. Andre bodgjevarar kan få utlevert kopi av bodjournalen i anonymisert form.
Det vert gjort merksam på at bodgjevar også vil vere den som står som kjøpar av eigedomen. Dersom ein etter at bod er akseptert ønskjer å endre kven som skal stå som eigar, føreset dette at seljar godkjenner ei slik endring. Alle involverte partar skal signere kjøpekontrakt og er solidarisk ansvarlege for kjøpet fram til oppgjeret er gjennomført. For seksjon/andel/aksjebustad vil forretningsførar normalt krevje ekstra eigarskiftegebyr dersom dei har motteke eigarskiftemelding og det i ettertid skal leggjast til eller endrast kjøpar. Eigarskiftemelding vert normalt sendt frå meklar til forretningsførar same dag som bodaksept.
Eigedomsmeklingsføretak pliktar etter lov om kvitvasking å gjennomføre kontrollhandlingar knytte til kjøpar og seljar sin identitet og forhold knytte til gjennomføringa av handelen. Dette omfattar også opplysningar om føremålet med kundeforholdet og den tilsikta arten av dette. For kjøpar må kontroll av legitimasjon skje seinast ved inngåing av kontrakt. Signering med BankID vert rekna som gyldig legitimasjonskontroll. Ved oppdrag der juridiske personar (selskap) er part, må eigedomsmeklar også gjennomføre kontroll av kva fysiske personar som kontrollerer selskapet (reelle rettshavarar). Dersom meklar ikkje klarer å gjennomføre pålagde kundetiltak, må meklar avvise kunden og oppdraget. Meklar har også plikt til å melde frå om forhold som ikkje er avklarte og framstår som mistenkjelege til Økokrim. Meklar kan også i enkelte tilfelle ha plikt til å stanse gjennomføringa av handelen.
Eigedomsmeklar pliktar å gjennomføre undersøkingar av kjøpar sin eigenkapital og eventuelt andre forhold knytte til kjøpar. Den delen av kjøpesummen som er eigenkapital skal betalast inn frå kjøpar sin konto i norsk finansinstitusjon.
Eigedomen skal overleverast til kjøpar i tråd med det som er avtalt. Det er viktig at kjøpar set seg grundig inn i alle salsdokumenta, mellom anna salsoppgåve, tilstandsrapport og seljar si eigenerklæring. Kjøpar vert rekna for å vere kjend med forhold som er tydeleg skildra i salsdokumenta. Forhold som er skildra i salsdokumenta kan ikkje gjerast gjeldande som manglar. Dette gjeld uavhengig av om kjøpar har lese dokumenta. Alle interessentar vert oppmoda om å undersøkje eigedomen nøye, gjerne saman med fagkunnig før bod vert gjeve. Kjøpar som vel å kjøpe usett kan ikkje gjere gjeldande som mangel noko han burde ha vorte kjend med ved undersøkinga.
Dersom det er behov for avklaringar, tilrår vi at kjøpar rådfører seg med eigedomsmeklar eller ein bygningssakkunnig før det vert lagt inn bod.
Dersom eigedomen ikkje er i samsvar med det kjøpar må kunne forvente ut frå alder, type og synleg tilstand, kan det vere ein mangel. Det same gjeld dersom det er halde tilbake eller gjeve uriktige opplysningar om eigedomen og dette har verka inn på avtalen.
Eigedomen kan ha ein mangel dersom det er avvik mellom opplyst og faktisk areal. For tomt vil det kunne vere ein mangel dersom arealet er vesentleg mindre enn opplyst, jf. avhl. § 3-3.
Ved utrekning av eit eventuelt prisavslag eller erstatning må kjøpar sjølv dekkje tap/kostnader opp til eit beløp på kr 10 000 (eigendel).
Dersom kjøpar ikkje er forbrukar, vert eigedomen seld «som han er», og seljar sitt ansvar er då avgrensa, jf. avhl. § 3-9 andre punktum. Informasjon om kjøpar si undersøkingsplikt, mellom anna oppmodinga om å undersøkje eigedomen nøye, gjeld også for kjøparar som ikkje vert rekna som forbrukarar.
Eigedomsmeklar sin standardkontrakt inneheld mellom anna føresegner om at dersom det ligg føre vesentleg mishald som mellom anna gir seljar rett til å heve når det er gått 30 dagar frå avtalt betalingstid, aksepterer kjøpar dette som bindande for seg.
Det vert føresett at heimel til eigedomen vert overført til kjøpar. Dersom dette ikkje er ønskjeleg må det takast atterhald i bodet.
Frivillig salg av fast eiendom reguleres av Lov om avhending av fast eiendom av 3. juli 1992 nr. 93.
Vedlagt i salsoppgåva ligg kommunale opplysningar (t.d. reguleringskart med føresegner). Alle interessentar vert føresette å ha sett seg inn i salsoppgåva med vedlegg før bod vert gjeve. Ta gjerne kontakt med meklar dersom du ønskjer å få utlevert eigne kopiar av dokumenta.
Det vert gjort merksam på at Kragset & Partners sine standard kjøpekontraktar vert nytta i handelen, dersom ikkje anna vert avtalt før handel har kome i stand.
Det vert gjort merksam på at føretaket handsamar personopplysningar, og all handsaming skjer i samsvar med personvernregelverket. Meklarføretaket handsamar berre personopplysningar som er nødvendige for å gjennomføre oppdraget. Det vert gjort merksam på at vi deler dine personopplysningar med offentlege styresmakter i den utstrekning det er nødvendig, og med verksemder som tilbyr tenester for gjennomføring av oppdraget. For meir informasjon, sjå personvernerklæring på føretaket si heimeside.
Eiendommens adresse er Andersbakken 11.
Matrikkel tilhørende eiendommen: gnr. 148, bnr. 97 i Vanylven.
Vårt oppdragsnummer er 196260105.
Følgjande er avtalt om meklar sitt vederlag, og skal betalast av seljar:
Provisjon 2,0 % av salgssummen inkl. mva
Tilrettelegging: 6 500,
Visninger/overtagelse kr. 2 500,- pr. stk.
Oppgjørshonorar : 4 900,-
Grunnbok og elektoniske tjenester: 1 500,-
Markedspakke standard: 19 900,-
Dersom handel ikkje kjem i stand eller oppdraget vert sagt opp, har oppdragstakar krav på rimeleg vederlag for medgått tid/utført arbeid og avtalte utgifter (utgifter til påløpte visningar, innhenting av opplysningar, marknadspakke og tilrettelegging), samt eventuelle utlegg. Alle prisar er inkl. mva.
Meklarføretaket tek imot betaling for tilleggstenester som vert tilbydde i samband med eigedomshandelen. Dette gjeld mellom anna straumleverandørar, bustadkjøparprodukt, bustadalarm o.l.
Ansvarleg meklar er Andre Kragset +47 47 80 85 85 / andre@kragseteigedom.no.
Oppdragstakar si forretningsadresse er Kyrkjegata 13, 6100 VOLDA. Org. nr. 931000403.