Solgt | Velhalden einebustad med landleg beliggenheit - Garasje
Fiskå
Gamlevegen 270, 6143 Fiskåbygd
Beskrivelse|Translate to English
Velkomen til Gamlevegen 270!
Her får du ein velhalden einebustad med landleg og fredeleg plassering på Storeide, berre om lag 5 minutt frå Fiskå sentrum med butikk, skule, barnehage og andre servicetilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv med fleire populære turmål i nærleiken.
Bustaden er jamleg vedlikehalden og framstår som velhalden. Bustadhuset er over 2 plan og inneheld: Hovudetasje: Entré, gang/trapperom, kjøken, stove, bad, toalettrom og 3 soverom. Underetasje: Gang, peisstove, vaskerom, sovealkove, badstove, bod, uinnreidd bod og garasje. Frittståande enkelgarasje.