Innhaldsrik og velhalden einebustad med flott fjordutsikt
Syvde
Syvdefjordvegen 395, 6140 Syvde
Beskrivelse|Translate to English
Velkomen til Syvdefjordvegen 395!
Ein innhaldsrik og velhalden einebustad med flott utsikt over Syvdsfjorden og mot dei mektige fjella ikring. Her bur du nær Syvde sentrum, med god plass både inne og ute og høve til å forme ein heim etter eigne ønskje.
Bustaden går over tre plan. Hovudetasjen har store stoveareal, kjøkken med spiseplass, bad og soverom. Kjellaren gir ekstra opphaldsplass, to soverom, bad, vaskerom og garasje, medan loftet har soverom og fleire disponible rom. Romsleg opparbeidd tomt med med plen, beplantning og terrassering. Fleire uteplassar gir plass til hagemøblar, og det vesle drivhuset er kjekt for den som likar å dyrke sjølv.
Ein eigedom med mange moglegheiter, fjordutsikt og kort veg til barnehage, skule og sentrum.