Solgt | Velhalden og innhaldsrik einebustad med triveleg utemiljø og fin utsikt - Attraktiv og sentrumsnær beliggenheit
Volda
Porsemyrvegen 11, 6102 Volda
Beskrivelse|Translate to English
Velkomen til Porsemyrvegen 11!
Ein innhaldsrik og velhalden einebustad på fin tomt med sentrumsnær og attraktiv beliggenheit.
Bustaden ligg midt i smørauget med kort gangavstand til høgskulen, sjukehuset, skular, barnehage og Volda sentrum. Området er solrikt med nydeleg utsikt mot fjorden og fjella ikring. I hovuddelen finn du 5 soverom, to bad, to kjøkken og to romslege stover.
Underetasjen har eige inngangsparti og inneheld kjøkken, stove, soverom og bad. Det er også gjennomgang herifrå og opp til hovuddelen.
Bustaden er mykje modernisert i seinare tid med m.a. ny taktekking, etterisolering, oppgradert el-anlegg, kjøkken, bad og generell overflateoppussing. Bustaden framstår som lys, tiltalande og velhalden med gode bukvalitetar.
Utemiljøet er triveleg og pent opparbeidd med fleire fine sitjeplassar. Utestove, romsleg terrasse og den grøne hagen skapar saman eit sosialt og romsleg uterom med ei lun og god atmosfære.