Solgt | Spennande eigedom med stort potensial - Stor tomt
Hovdebygda
Indrehovdevegen 30, 6160 Hovdebygda
Beskrivelse|Translate to English
Velkomen til Indrehovdevegen 30!
Stor tomt, flott fjordutsikt og lange sommarkveldar – her ligg mykje til rette for deg som vil skape noko eige. Den romslege tomta er relativt flat og er pent opparbeidd med stor plen og har god plass til leik, hageglede og nye idear.
Eigedomen ligg fint til sentralt i Hovdebygda, sol til kring kl. 23 midtsommars. Det er kort gangavstand til skule, barnehage, butikk og stadionområdet. Med bil er det om lag fem minutt til Ørsta sentrum og ti minutt til Volda sentrum.
Bustaden går over to plan og har stove med utgang til veranda, separat kjøkken, tre soverom og bad i hovudetasjen. Kjellaren har vaskekjellar og fleire rom til lagring.
Ein spennande eigedom med stort potensial for den som vil forme både hus og uteområde etter eigne ønskje. Sjå tilstandsrapporten for nærare informasjon.