Solgt | Tiltalande rekkehus med flott utemiljø i attraktivt og familievenleg område
Volda
Mylnevegen 25 A, 6100 Volda
Beskrivelse|Translate to English
Velkomen til Mylnevegen 25A!
Eit tiltalande og triveleg rekkehus med gode bukvalitetar, fine uteplassar og behageleg atmosfære.
Bustaden held fin standard, er oppgradert i seinare tid og framstår som velhalden og gjennomført. Farge- og materialval er med på å understreke den lune og heimekoselege kjensla som bustaden gjev.
Sentral og familievenleg beliggenheit med gangavstand til barnehage, alle skuletilbod, sjukehuset, høgskulen og sentrum med alle servicetilbod. Kort veg til gode fritidstilbod med Volda Campus Arena, Voldabadet, Årneset og Volda stadion. Flott tur- og friområde rett utanfor inngangsdøra.
Ein innhaldsrik bustad med m.a. 2 bad, 3 romslege soverom, separat vaskerom, triveleg kjøkken med spisestove og stove med utgang til stor flott uteplass. Særs god lagringsplass legg til rette for orden og system.
Eit velstelt og gjennomtenkt utemiljø med store terrasser, fine uteplassar, bedd og flott beplantning som gjev ei god atmosfære til eigedomen.