Innhaldsrik og arkitektteikna einebustad i vakre omgjevnader - teikna av Einar Ridderstrøm i 1976, og
oppført i 1979.
Ein romsleg og innhaldsrik heim med god takhøgd, gjennomtenkte detaljar, dels listefrie overgangar og
ei familievennleg planløysing.
Skreddarsydde vindauge og arkitektoniske grep gjev bustaden eit særpreg og tidlaust uttrykk.
Bustaden held normal standard utifrå alder og tilhøva elles.
Sjå tilstandsrapport for utvida informasjon.
Stove:
Romsleg stove med store vindaugsoverflater og god takhøgd.
Utgang til sørvendt, overbygd veranda.
Klassisk murpeis som skapar ei lun og triveleg atomsfære.
God plass til fleire sitjegrupper og anna ynskjeleg møblement.
Flotte detaljar med vindauge som strekk seg frå toppen av veggen og heilt opp mot mønet - eit
gjennomgåande arkitektonisk grep som går igjen i fleire rom.
Kjøkken:
Lys og tidlaus kjøkeninnreing med profilerte heiltrefrontar og praktiske oveskap.
Benkeplate av heiltre med nedfelt heildekkjande stålvask og platetopp.
God skap-, skuffe- og benkeplass.
Opplegg for kjøl-/fryseskap, oppvaskmaskin og komfyr.
Flott utsikt direkte frå kjøkkenet og triveleg frukostbord.
Soverom:
Alle soverom har normalt god storleik.
Hovudsoverommet i h.etg har direkte utgang til sør-/austvend veranda og ligg i tilknyting til bod/walk in
closet med hems.
Bad:
To bad fordelt på kvar sin etasje gjer bustaden godt tilpassa både familie og gjestar.
Bad i hovudetasje med varmekablar. Innreia med servant, vegghengt WC og dusjkabinett.
Badet i u.etg har flislagt mosaikk golv med varmekablarbyr, ein moderne vegghengt WC, heildekkjande
servant og eit triveleg dusjhjørne.
Badstove:
I tilknytting til badet i u.etg, finn du ei flott badstove.
Romslege sitjebenkar i tre og elektrisk omn..
Vaskerom:
Praktisk rom med triveleg skyllekar og opplegg for både vaskemaskin og tørketrommel.
God skap-, benke- og oppbevaringsplass.
Innvendige overflater:
Golv:
I hovudsak parkett, korkbelegg, vegg til vegg teppe, betong og fliser.
Bad i h.etg har vinylbelegg, mens bad i u.etg har flislagt golv med mosaikk.
Vaskerom har bellegg og badstove har betonggolv.
Veggar:
Trepanel og murt forblending.
Bad i h.etg har våtromstapet.
Bad i u.etg har pent lagt mosaikkfiser.
Vaskerom har mur/panel på vegger.
Badstove har panel.
Himling:
I hovudsak trepanel og himlingsplater.
Begge bad og badstove har panel.
Dels listefrie overgangar.
Garasje
Oppført etter 1981.
Romsleg og triveleg garasje, delt med naboen, men med eigen skiljevegg i mellom.
Her er innlagt straum, automatisk leddport og god plass til både arbeidsbenk, syklar og diverse.
Det finst òg meir oppbevaringsplass på loftet i tilknyting til garasjen.
Dukkestue/anneks
Oppført etter 1990.
Isolert og innlagt straum.