Lys, moderne og stilfull einebustad med fine løysingar og gode bukvalitetar. God planløysing og store
rom gjer dette til ein bustad der familien kan vekse og trivast.
Bustaden er mykje modernisert/oppgradert etter 2023 med mellom anna nytt bad i 2. etg, nytt kjøkken,
oppgradert rør og el-anlegg, samt generell overflateoppussing.
Bustaden held normal standard utifrå alder og tilhøva elles. Sjå tilstandsrapport for utvida informasjon.
Stove:
Lys og tiltalande stove med pene moderniserte overflater.
Stova er i open løysing mot kjøkken med spisestovedel - eit triveleg og sosialt opphaldsrom.
Store sørvendte vindauge gjev godt med lysinnslepp og ei god romkjensle.
Downlightsbelysning i himling.
Moderne vedomn og varmepumpe syt for lun og god innetemperatur heile året.
Utgang frå spisestove til fin sørvestvendt terrasse med flott fjordutsikt og tilkomst vidare til det trivelege
hageområdet.
Kjøkken:
Romsleg og stilfullt kjøkken med god skap-, skuffe- og benkeplass.
Kjøkkenet er frå 2023 med innreiing frå Drømmekjøkkenet med gode løysingar, integrerte kvitevarer og
moderne preg.
Kjøkkenet har fått høg prioritet og god plass, her kan heile familien eller vennegjengen lage middag
saman.
Praktisk fryseskap under benk og 80 cm induksjonstopp gjev kjøkkenet det lille ekstra. Integrert kjøleskap
og oppvaskmaskin.
Downlightsbelysning i himling gjev godt arbeidslys.
Svart kjøkkenvask og blandebatteri gjev eit stilfullt uttrykk.
Kjøkkenet er i dels open løysing med stova, men samstundes tilbaketrekt. Planløysinga gjev ei kjensle av
eit opent rom, samstundes som arbeidsfunksjonane på kjøkkenet blir skjerma.
Barløysing mot spisestove/stove.
Kjøkkenet er utstyrt med komfyrvakt og vannstoppar.
Kjøkkenventilator med kullfilter.
Bad 2.etg:
Det er 2 bad i bustaden, eit på hovudplan og eit i andre høgda.
Badet i andre etasje er nytt i 2023, med moderne fliser og downlighsbelysning i himling.
Eit lekkert og delikat bad som gjev ei kjensle av kvardagsluksus.
Romsleg dusjnisje med regndusj og praktisk hylle med belysning.
Pen innreiing med store skuffer og dobbel servant. Speil med belysning.
Fine detaljar med svarte blandebatteri, knaggar og dusjarmatur som gjev eit moderne preg.
Vegghengt wc.
Badet ligg i fin nærleik til soveromma i bustaden.
Flislagt golv og flis/microsement på vegg.
Varmekablar i golv.
Bad 1.etg:
Lyst flislagt bad.
Badet ligg i fin tilknyting til inngangspartiet - praktisk og familievenleg.
Utstyrt med badekar, wc og baderomsinnreiing. God oppbevaringsplass gjer det enkelt å halde orden og
system på badet.
Varmekablar i golv.
Vaskerom:
Praktisk vaskerom i underetasjen med rustfritt skyllekar og opplegg for vaskemaskin/tørketrommel.
God plass til oppbevaring.
Soverom:
Det er 3 gode soverom i bustaden.
Soveromma er roleg og fint beliggande i andre etasje.
Alle soveromma har dust og behageleg fargeval og gode møbleringstilhøve.
Hovudsoverommet har særs god skapplass og utgang til lufte-altan.
Diverse:
Stor modernisering etter 2023 med m.a. nytt bad i 2. etg, nytt kjøkken, oppgradert rør og el-anlegg, samt
generell overflateoppussing.
Kodelås på inngangsdøra er praktisk og familievenleg.
Tiltalande kjellarstove i u.etg - perfekt når ein ynskjer å trekke seg litt tilbake eller som eiga avdeling for
ungdomen i huset.
Luft til luft varmepumpe, ny i 2021.
Praktisk lagerloft med gode lagringstilhøve.
Romsleg utebod under terrasse med god plass til reiskapar, verktøy og sesongutstyr.
Innvendige overflater:
Golv:
I hovudsak laminat, fliser og belegg.
Veggar:
I hovudsak tapet, trepanel, malte plater, malt brannmur og betong.
Himling:
I hovudsak kvite himlingsplater og malte plater.