Innhaldsrik og triveleg einebustad oppført i 1981 med tilbygg av garasje i 2008.
Det er gjort fleire oppgraderingar gjennom åra, med mellom anna modernisering av hovudbadet i 2015
og utviding av verandaen i 2008.
Bustaden held normal standard utifrå alder og tilhøva elles.
Sjå tilstandsrapport for utvida informasjon.
Hovudetasje
Stove:
Store vindaugsflater som slepp inn rikeleg med dagslys og gjev eit flott utsyn til landskapet rundt.
God plass til sofakrok, spisebord og anna ynskjeleg møblement.
Flott vedomn som gjev frå seg god varme og skapar ein behageleg atmosfære.
Utgang til stor overbygd veranda.
Kjøkken:
Lyst kjøkken med innreiing med slette frontar, benkeplate av laminat og
praktisk flis i sprutsone.
God skap-, skuffe- og benkeplass.
Kjøkkenet ligg i fin tilknyting til stove/spisestove.
Plass til eit koseleg frukostbord.
Stort kjøkkenvindauge og downlightsbelysning i himling gjev godt arbeidslys.
Opplegg for komfyr, kjøle-/fryseskap og oppvaskmaskin.
Bad/vaskerom:
Lyst bad, modernisert i 2015.
Pen innreiing med heildekkjande servant og store skuffer.
Dusjhjørne og WC.
Speilskap med LED-belysning og god plass til det ein brukar dagleg.
Moderne downlights i himling.
Praktiske skap for meir oppbevaringsplass.
Opplegg for vaskemaskin og tørketrommel.
Flislagt golv med varmekablar.
Andre etasje
Flott og lys loftstove/soverom med direkte utgang til overbygd veranda.
Særs god oppbevaringsplass med to skjulte skråtakskott på kvar si side av etasjen.
Underetasje
Stove:
Romsleg stove med god plass til sofakrok og anna ynskjeleg møblement.
Fleire store vindaugsoverflater som slepp inn rikeleg med dagslys.
Det er gjennomgåande god takhøgd i etasjen.
Kjøkken
Lyst og enkelt kjøkken.
Innreiing med kvite sletta frontar og benkeplate av laminat med praktisk flis i overkant.
Opplegg for kjøl-/fryseskap, komfyr og oppvaskmaskin.
Bad
Enkelt og praktisk bad, innreia med WC, dusjhjørne og servant.
Flislagt golv med varmekablar, samt flislagde veggar.
Vaskerom:
Romsleg og praktisk vaskerom med varmekablar.
Utstyrt med utslagsvask, speil og ulike skap for oppbevaring.
Opplegg for vaskemaskin og tørketrommel.
Verkstadsrom, boder og reiskapsbod:
I tilknyting til inngangspartiet i underetasjen finn du verkstadsrom og ulike boder for oppbevaring av ved
og anna utstyr, samt ei praktisk reiskapsbod for hageutstyr, plenklippar og diverse.
I verkstadrommet er det mellom anna praktisk 3-faseuttak.
Garasje:
Stor garasje med god takhøgd og innlagt straum.
Automatisk leddport.
Fin nærleik til inngangspartiet, som gjer det mogleg å gå tørrskodd frå bilen og inn i heimen.
Uteområde:
Pent opparbeidd utemiljø med mellom anna prydebusker, fruktrær og natursteinsmur.
Flott pergola på oppsida av bustaden med solmarkise.
Grusa innkøyrsel.
Innvendige overflater:
Golv:
Hovudsakleg laminat.
I underetasjen belegg, laminat og måla murgolv.
Flislagt golv med varmekablar på begge bad.
Veggar:
Tapet og trepanel.
Himling:
Kvite himlingsplater.