Stilfull leilegheit med solrik beliggenheit og nydeleg utsikt.
Leilegheita er oppført i 2019, held god standard og framstår som særs moderne og tiltalande.
Slette overflater med listefrie overganger mot tak og vindauge gjev eit stilreint uttrykk.
Triveleg bumiljø og fellesområde med fine sitjeplassar, bålplass og leikeplass for dei minste.
Nærområdet byr på flotte turmoglegheiter for både store og små, med fint natur- og friområde i
umiddelbar nærleik.
Entré:
Med heistilkomst frå parkering og svalgang til inngangspartiet kan ein gå tørrskodd frå bil til bustad.
Lys og innbydande entré med flislagt golv med varmekablar.
Romsleg gang som opner opp mot opphaldsrommet og dei store vindauga som tek inn naturen ikring.
Her møter ein den flotte utsikta mot fjellheimen allereie frå ein kjem inn inngangsdøra.
Stove:
Tiltalande stove med pene slette overflater.
God takhøgde og store vindaugsflater gjev ei luftig og open atmosfære.
Vindauga slepp inn mykje naturleg lys og gjev fantastisk utsikt mot Voldsfjorden og fjella ikring.
Stove og kjøkken er i open løysing og utgjer saman eit sosialt og flott allrom som gjev ei god ramme for
eit godt kvardagsliv.
Utgang til solrik terrasse som vert ein fin utvidelse av opphaldsrommet. Terrassen er overbygd, lun og fint
skjerma. Glasrekkverk gjev fritt utsyn og meir lys til terrassen og opphaldsrommet.
Kjøkken:
Stilfullt kjøkken med god skap- og skuffeplass.
Med gode løysingar og alt av kvitevarer inkludert vert det ein fryd å lage mat til familie og venner.
Kjøkkenet er moderne og tidlaust og står godt til resten av bustaden.
Downlightsbelysning i himling gjev godt arbeidslys.
Lys innreiing med glatte frontar og laminat benkeplate.
Integrerte kvitevarer med kjøl/fryseskap, steikeomn, oppvaskmaskin og induksjonstopp.
Det er montert vannstoppsystem og komfyrvakt.
Kjøkkenventilator med avtrekk ut.
Spiseplass ved vindauget.
Bad:
Delikat og romsleg bad med fliser i nøytralt fargeval.
Downlightsbelysning i himling.
Moderne innreiing med heildekkande servant, store skuffer og veggskap. God oppbevaringsplass gjer det
enkelt å halde orden og system på badet.
Speilskap med belysning er praktisk og gjev plass til det ein brukar dagleg.
Vegghengt wc.
Dusjhjørne med glasdører. Badet har regndusj som gjer morgondusjen ekstra behageleg.
Varmekablar i golv.
Soverom:
Det er to gode soverom i bustaden.
Soveromma ligg fint skjerma frå opphaldsrommet.
Hovudsoverommet er romsleg med skyvedørsgarderobe, perfekt for oppbevaring av klede og tilbehøyr.
Teknisk rom:
Praktisk bod/teknisk rom med opplegg for vaskemaskin.
God plass til oppbevaring.
200 l vv-bereder.
Diverse:
Balansert ventilasjon.
Downlights i fleire rom gjev god og behageleg belysning.
Utandørs solskjerming gjer at bustaden holdast behageleg sval sjølv om sola står på.
Royal impregnert dekke, glassrekkverk og moglegheit for oppheng av hengekøye og huske på terrassen.
Heistilkomst frå parkering.
Innvendige overflater:
Golv:
I hovudsak parkett.
Fliser på bad og entré.
Belegg på bod/teknisk rom.
Veggar:
Tapet og malte plater.
Listefrie overganger mot tak og vindauge gjev eit stilreint uttrykk.
Himling:
Himlingsplater.