Innhaldsrik og velhalden einebustad på flott tomt med nydeleg fjordutsikt.
Entré:
Attraktiv tilkomst med triveleg, overbygd og pent opparbeida inngangsparti. God plass til diverse
utemøblement.
Kodelås på inngangsdøra er praktisk og familievenleg.
Romsleg og innbydande entré med innebygd skyvedørsgarderobe og god plass til ytterklede og sko.
Downlightsbelysning i himling.
Stove:
Romsleg og tiltalande stove med lyse overflater og fleire soner for møblering. God plass til fleire
sitjegrupper og spisebord.
Store vindauge gjev fint gjennomgåande lys, ei luftig og open atmosfære og tek inn den nydelege utsikta
mot fjorden og fjella ikring.
Utgang til stor terrasse som strekkjer seg langs heile nordsida av bustaden. Lun sitjekrok med overbygg
og god plass til variert utemøblement. Glasrekkverk gjev fritt utsyn og meir lys til terrassen og
opphaldsrommet. Her kan ein nyte flotte solnedgangar og vakker panoramautsikt mot Ørstafjorden og dei
flotte fjella ikring.
Vedomn og varmepumpe gjev god og behageleg varme. Flott brannmur ved vedomnen i pent og nøytralt
fargeval.
Store skyvedører i glass fører ut til triveleg hagestove med vidare tilkomst til hageområdet. Hagestova har
store vindauge og vert ein fin utvidelse av stova og gjev ei god tilknyting til utemiljøet.
Romsleg kjellarstove i underetasjen, perfekt når ein ynskjer å trekkje seg tilbake eller som eiga sone for
ungdomen i huset.
Kjøkken:
Lyst kjøkken med god skap-, skuffe- og benkeplass.
Kjøkkenet ligg i fin tilknyting til stove og spisestove, men samstundes tilbaketrekt.
Tidlaus innreiing frå 2016 med kvite glatte frontar.
Fliser mellom benkeplate og overskap er praktisk og gjer det enkelt å halde reint.
Med gode løysingar og alt av kvitevarer inkludert vert det ein fryd å lage mat til familie og venner.
Store vindauge og downlightsbelysning i himling gjev godt arbeidslys.
God plass til kjøkkenbord.
Kvitevarer er integrert og inkludert med: Steikeomn, brei induksjonstopp og kjøl-/fryseskap og
oppvaskmaskin med kjøkkenfront.
Praktisk kjølerom i underetasjen for ein familievenleg kvardag.
Bad fyrste etasje:
Romsleg flislagt bad med opplegg for vaskemaskin.
Dusjnisje med dusjvegg.
Lys innreiing med heildekkande servant og skap.
Varmekablar i golv.
Bad andre etasje:
Lyst flislagt bad.
Badet ligg i fin nærleik til soveromma i etasjen.
Kvit innreiing med heildekkjande servant, speil og belysning. God skapplass gjer det enkelt å halde orden
og system på badet.
Dusjhjørne med innfellbare glasdører. Regndusj.
Wc.
Varmekablar i golv.
Toalettrom:
Gjestetoalett i underetasjen i tilknyting til inngangspartiet, praktisk og familievenleg.
Wc og servant.
Gjestetoalettet ligg i fin nærleik til soveromma i underetasjen.
Soverom:
Det er 4 gode soverom i bustaden, to i kvar etasje.
Soveromma er roleg og fint beliggande, og med lyst og nøytralt fargeval.
Hovudsoverommet er romsleg med stor skyvedørsgarderobe. Utgang til terrassen - praktisk når ein skal
lufte dyner og sengkle.
Diverse:
Praktisk kjølerom i underetasjen.
Varmepumper og vedomnar i begge etasjer gjev gjennomgåande god og behageleg varme i heile
bustaden.
Romsleg bod i underetasjen med praktiske hyller og god plass til oppbevaring, frysar, lagring av
verktøy/reiskapar m.m. Eigen inngang frå uteområdet og gjennomgang til bad/vaskerom - ei praktisk og
familievenleg løysing som gjer det enklare å ta hand om våte støvlar og uteklede.
Sentralstøvsugar i bustaden.
Kryploft blei isolert med blåseisolasjon i 2016.
Kjøkkeninnreiing er utskifta i 2016.
Utskifting av sikringsskap til automatsikringar i 2015.
Våtrom var oppgraderte rundt år 2000.
Innvendige overflater:
Golv:
Parkett, laminat og fliser.
Veggar:
Tapet og malte plater.
Fliser på bad.
Himling:
Himlingsplater.