Lys og lekker leilegheit med gjennomført fin standard og gode bukvalitetar. Bustaden har god planløysing,
fine løysingar, pene slette overflater og framstår som særs tiltalande og moderne.
Entré:
Lett og fin tilkomst med heis frå garasjeanlegg.
Kodelås på ytterdøra er praktisk og familievenleg.
Lys og innbydande entré med flislagt golv med varmekablar.
Romsleg gang som opner opp mot opphaldsrommet og dei store vindauga som tek inn naturen ikring.
Her møter ein den flotte utsikta mot fjord og fjell allereie frå ein kjem inn inngangsdøra.
Stove:
Tiltalande stove med store vindauge som gjev fint lysinnslepp og nydeleg utsikt mot sentrum,
Voldsfjorden og fjella ikring.
God plass til variert møblering med både stor sitjegruppe og spisebord.
Vedomnen gjev både varme og stemning - eit naturleg midtpunkt i rommet. Perfekt for både kalde kveldar
og rolege morgonar.
Stove og kjøkken er i open løysing og utgjer saman eit sosialt opphaldsrom med plass for eit godt
kvardagsliv.
Utgang til dels overbygd terrasse med fantastisk utsikt og særs gode solforhold.
Kjøkken:
Kjøkkenet er klassisk og tidlaust med kvite, slette frontar og god skap-, skuffe- og benkeplass.
Her er det lagt vekt på funksjonalitet med mellom anna integrerte kvitevarer, plass for kjøleskap og
fryseskap i full storleik og brei induksjonstopp.
Store vindaugsflater og downlightsbelysning i himling gjev godt arbeidslys.
Kjøkkenøya gjev ekstra oppbevaringsplass, skapar ei sosial atmosfære og blir eit naturleg bindeledd
mellom kjøkkenet og stova.
Kvitevarer er integrert og inkludert med: steikeomn, oppvaskmaskin, micro og induksjonstopp. Utsparing
for kjøleskap og fryseskap.
Glasplate i sprutsone beskyttar veggen og gjer det enkelt å halde reint.
Kjøkkenventilator med avtrekk ut.
Montert komfyrvakt.
Bad/vaskerom:
Romsleg og lyst flislagt bad.
Kvit innreiing med heildekkande servant og stort speil med belysning. God skapplass gjer det enkelt å
halde orden og system på badet.
Vegghengt wc.
Dusjhjørne med innfellbare glasdører. Regndusj gjer morgondusjen ekstra behageleg.
Opplegg for vaskemaskin.
Varmekablar i golv.
Soverom:
Det er to gode soverom i bustaden.
Hovudsoverommet er romsleg med stor skyvedørsgarderobe, perfekt for oppbevaring av klede og
tilbehøyr.
Soveromma er roleg og fint beliggande.
Diverse:
Balansert ventilasjon.
El-bil ladar i garasje.
Tussafiber.
Praktisk innvendig bod/teknisk rom med plass til gode oppbevaringsløysingar.
200 l vv-bereder.
Sentralstøvsugar.
Innvendige overflater:
Golv:
Parkett og fliser.
Belegg på bod/teknisk rom.
Veggar:
I hovudsak tapet.
Fliser på bad.
Himling:
Malte plater og himlingsplater.